Velferd

EKSTRAFRAMSYNINGAR!

Tilsette ved Universitetet i Bergen kan få kjøpe rabatterte billettar til Heim 2
mandag 18. mars og 25. mars kl. 18.00 (merk tidspunkt)
Billettpris kr. 340 (ordinær kr. 450)

Kjøp billettar her eller send e-post til publikum@hordalandteater.no:

18/3: http://hordalandteater.eventim-billetter.no/webshop/webticket/shop?kassierer=webgrupe&event=154

25/3: http://hordalandteater.eventim-billetter.no/webshop/webticket/shop?kassierer=webgrupe&event=160

I 2018 spelte vi Heim 1 (1965-1975) for fulle hus i Logen. 21. februar i år hadde vi premiere på andre kapittel av vestlandskrønika som har i alt fire delar. Både publikum og presse har teke godt imot del 2 og vi har no sett opp ekstraframsyningar!

I andre kapittel vitjar vi fylke vårt i åra mellom 1975 og 1985. Eit imponerande lag av sterke vestnorske forfattarar har tatt imot utfordringa om saman å skrive fram eit bilete om kven vi var då. Kva rørte seg i Hordaland, i hordalendingen sitt blikk på seg sjølv og på verda omkring oss i dette tiåret? Vi inviterer publikum med til å minnast hendingane, songane og livet den gongen. I eit leikent teaterspråk flyttar vi oss rundt i fylket og midt i alle hendingane står Voksne Herrers Orkester med eit solid soundtrack som tek oss tilbake til denne tida.

Av: Ruth Lillegraven, Gunnar Staalesen, Tore Renberg, Marit Eikemo, Frode Grytten, Bjørn Sortland, Ingrid Jørgensen Dragland, Finn Tokvam og Mari Hesjedal.

Regi: Eirik del Barco Soleglad. Scenografi og kostymedesign: Lise Christensen.

Med: Morten Svartveit, Kjærsti O. Skjeldal, Hadle Lavold Reisæter, Sigrid Moldestad, Claus Sellevoll, Amanda Haga/Natasja Smørholm og Voksne Herrers Orkester.

———————-