Fagleg-pedagogisk dag 2017

UiB Vidare koordinerer Fagleg-pedagogisk dag fredag 3. februar 2017. Fagleg-pedagogisk dag er ein open fagdag for lærarar i grunnskulen og vidaregåande skule frå heile Vestlandet.

På bakgrunn av evalueringar og innmeldte ønsker frå lærarar, skuleeigarar og lærarane sine organisasjonar ønsker UiB vidare både reine faglege bidrag som er relevante for undervisningsfaga i skulen, og større tverrfaglege tema som er relevant for lærarrollen på tvers av fag. Fagområde, med stikkord, som det er aktuelt for Det medisinsk-odontologiske fakultet å bidra med er:

  • Generasjon prestasjon: kroppspress, helsevanar, stressmestring, søvnvanskar, eteforstyrringar, rus, angstproblematikk, dei nye fråvérsgrensene.
  • Grenser, flukt og nye fellesskap: Innvandrarhelse, flyktningssituasjon i Europa og verden, unge flyktningar i Noreg og utfordringar desse opplever.

Frist for innmelding av bidrag er 25. november 2016.

Les meir i brevet sendt frå fakultetet i Ephorte her.