Nytt internasjonalt senter ved UiB

intsenter_0

30. august var det offisiell opning av Internasjonalt senter UiB. Det er eit viktig ledd i arbeidet med å styrke universitetet sitt internasjonale fokus.

– Internasjonalisering kjem ikkje av seg sjølv. Internasjonalt senter skal vere ein pådrivar og legge til rette for dette viktige arbeidet, sa prorektor Margareth Hagen under opninga, og peika på at det internasjonale fokuset er noko som pregar både forsking og studiar ved UiB.

Tverrfagleg

Det er to år sidan universitetsdirektøren sette i gang arbeidet med å etablere eit senter på tvers av sentraladministrative avdelingar. Målet var å styrke den administrative innsatsen i universitetet sitt internasjonale virke, og at senteret skal vere ein pådrivar for internasjonalt samarbeid på UiB.

I nye og flotte lokale i andre etasje på Studentsenteret, er no UiB-tilsette med internasjonal kompetanse frå HR-avdelinga, Forskingsadministrativ avdeling og Studieadministrativ avdeling på plass.

Les meir her