Søknadsskriving NORPART-programmet. Frukostmøte

I høve ny utlysing av NORPART-programmet blir det invitert til frukostmøte 24. april 09.00-11.00 på Internasjonalt rom (ved sidan av kantina på Studentsenteret).

Møtet blir opna av viserektor for Globale relasjonar Annelin Eriksen og det vil vere til stades medarbeidarar frå Forskingsadministrativ avdeling og Studieadministrativ avdeling.

På møtet vil ein legge vekt på skriving av søknad. Eit anna siktemål med møtet er å avklare om det kan vere ein gevinst i å samordne søknader frå det same geografiske område eller som har same institusjonell partnar. Eit meir detaljert program vil seinare bli sendt ut.

På grunn av servering er det fint med tilbakemelding til Ana Cordova ana.cordova@uib.no eller Helge Bjørlo helge.bjorlo@uib.no på kven som tenkjer vere med på møtet.