Velferdstilbud – God dag, herr Jul

VIL DU VERE PRØVEPUBLIKUM?

Tilbod om billettar til familieframsyninga «God dag, herr Jul» på Det Vestnorske Teateret

Tilsette ved Universitetet i Bergen kan kjøpe billettar til kr. 100 til prøveframsyning måndag 13. november og generalprøve onsdag 15. november kl. 18.00 på Hovudscenen.

Billettbestilling på e-post: publikum@detvestnorsketeateret.no (merk UiB)

Bilde av jente i snøfylt gate, med mange julegaver på ryggen.

Foto/ill.: Det Vestnorske Teateret

NY FAMILIEFRAMSYNING, «GOD DAG, HERR JUL»

Malin har nettopp flytta til Bergen, og mora og faren har nyleg gått frå kvarandre. Vil jula kunne bli slik ho ein gong var?

Midt i ei forvirrande tid, med flyttekassar overalt og gåver som ikkje har blitt kjøpt, dukkar det opp det eine mysteriet etter det andre: Kvifor blinkar gatelykta? Kvifor blir nabohuset kalla for «Heksehuset»? Kvifor får Malin beskjed om at ho må spionere på naboen? Og ikkje minst; kvifor har naboen hundre juletre i stua?

«God dag, herr Jul» er full av fart og morosame karakterar, og inneheld fleire spanande mysterier. Forteljinga er på same tid både ei moderne- og nostalgisk juleforteljing. Forfattar Laura Djupvik borar i spørsmålet: Kva skjer med jula når vi fjernar alt det åndelege og religiøse? Ja, kva handlar jula eigentleg om? «God dag, herr Jul» er ei varm og nær familieframsyning, som passar for barn frå 5 år.