Trenger du økonomisk støtte til ditt elektive emne?

Studenter i det elektive emnet for fjellmedisin. Fikk trolig støtte til leie av primus, året etter. Foto: Sigurd Mydske.

I masterprogram i klinisk ernæring og i medisinstudiet ligg det periodar med valemne (elektive perioder) dei fire fyrste vekene av vårsemesteret. I januar 2025 er oppstart av elektiv periode 6. januar.

Du må melde frå om kurset skal gå eller ikke

Akkurat som i fjellet må du melda frå. Dersom du hadde elektivt kurs i fjor, må du melda frå om du planlegg å arrangera kurs i januar 2025. Du melde frå på e-post til: elektiv.med@uib.no.

Økonomisk støtteordning

Det medisinske fakultetet har oppretta ei støtteordning for emne i elektiv periode som har undervisningsopplegg som krev ressursar utover vanleg aktivitet. Eksemplar kan være studietur, leige av spesielt utstyr, kostnader knytt til opphald, innleidde instruktørar eller kjøp av inngangsbillettar. Eksempla er ikkje uttømmande.

Støtteordninga for elektive emne disponerer 100 000 kroner årleg. Ein kan søke om opptil 2000 kroner per student per emne. Søknaden må innehalde eit reelt totalbudsjett, og fakultetet sin støttesum kan utgjere maksimalt 60 prosent av totalbudsjettet, resten må instituttet dekke.

Frist

Utvidet søknadsfrist for emne som går i januar 2025 er satt til 27 september 2024. Det er instituttet som er søkar. Søknadane vert handsama av fakultetet.