Bli med i 70 nye COST-nettverk

Norske forskarar og bedrifter kan no søkje om å bli med i 70 nye COST-nettverk som startar opp i 2025. Forskingsrådet erfarer at deltakarane i desse nettverka har auka sjansar for å lykkast i EUs Horisont Europa.

Nettverka, i regi av European Cooperation in Science and Technology (COST), er internasjonale nettverk mellom forskarar og dekkjer alle fag, disiplinar og sektorar.  

Deltakarane bringar inn si eiga forsking i nettverket og COST gir støtte til møte, seminar og konferansar i nettverket, sommarskular og korte forskingsopphald. COST finansierer ikkje forsking.  

Fleire norske deltakarar Forskingsrådet har vore i kontakt, med meiner det er verdifullt å delta i COST-nettverk for å danne konsortium til Horisont Europa-søknader.

Særleg forskarar tidleg i karrieren kan ha nytte av å delta i COST-nettverk.  

Du finn oversikt over dei nye nettverka på nettstaden til COST

Ta kontakt med oss i Forskningsrådet så snart som mulig om du ønsker å bli med. For å bli vurdert i den første runden av oppnevningar til desse nye nettverka må du kontakte oss aller seinest 13. juni. Send ein e-post til:  COST-CNC@forskningsradet.no

Forskingsrådet vil be dei som er interesserte i delta om å sende ein kort søknad etter ein nærare angitt mal saman med CV-en sin. Dette gjeld også dei som har vore «secondary proposers» i søknadsprosessen.

Utlysinga for å søkje om å opprette nye COST-nettverk er no open og søknadsfristen er 21. oktober 2025. Meir informasjon her: Open Call: A Simple One-Step Application Process  

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *