UTLYSNING – FRIST 29. MARS 2023
KONSUL SØREN FALCH OG ØYENLEGE SIGURD FALCHS FONDS JUNIORPRIS FOR UNGE FORSKERE (under 40 år)
Styret for Konsul Søren Falch og øyenlege Sigurd Falchs fond for medisinsk vitenskap har vedteke å stille til rådvelde ein Juniorpris for 2023 til unge forskarar under 40 år.
Fondet sine statuttar seier at:
• formålet er å fremje medisinske vitskapelege arbeid
• arbeida skal være av stor vitskapeleg eller sosial betyding
• arbeida kan være frå alle greiner av medisinsk vitskap
• arbeida skal være fullførte
Styret har fastsett prisen til kr 50.000,- i driftsmidlar til forskaren.
Framlegg til kandidatar til prisen kan fremjast av instituttleiarar og professorar ved Det medisinske fakultet og skal innehalde:
• kandidaten sin curriculum vitae
• kandidaten si publikasjonsliste
• dokumenterte resultat av arbeida
• fagleg omtale av forslaget (maksimalt to sider)
• ei beskrivande framstilling av kandidaten sitt arbeid i språkform for det alminnelege publikum (pressemelding)
På grunnlag av fondet sine statuttar tildelast prisen etter desse kriteria:
1. Djuptgåande, originale arbeid med metodisk kompleksitet.
2. Forskingsfunn som har ført til anvendte resultat i form av ny eller forbetra diagnostikk, terapi eller forståing.
Forslag sendast til okonomi@med.uib.no innan onsdag 29. mars 2023 og vert handsama av styret i Konsul Søren Falch og øyenlege Sigurd Falchs fond for medisinsk vitenskap.