Heim, del 4, 1995 – 2005 – Det vestnorske teateret

Tilsette ved UiB kan kjøpe billettar til kun kr. 400 (ord. pris kr. 500) til «Heim, del 4» fredag 18. februar kl. 19.00 i Logen.

Du kan kjøpe billettar her:

Fredag 18. februar kl. 19.00: https://detvestnorsketeateret.eventim-billetter.no/webshop/webticket/shop?kassierer=webgrupe&event=798

Du kan også sende epost: publikum@detvestnorsketeateret.no (Merk UiB)

I fjerde kapittel av Vestlandskrønika skrur vi tida tilbake til 1995. Dette er tiåret der Kurt vinn Idol, vi lærer oss å flørte på mobiltelefon og Kronprinsen får sin Mette-Marit. Det er også tiåret då Sleipner går på grunn, Prinsesse Diana døyr i bilulukke, og etter 9/11 må vi venne oss til lange sikkerheitskontrollar på flyplassen. Vi skal vitje dagane der Boyband og Reality-TV dominerte, «alle» ville ha frisyren til Rachel og frykta for ny teknologi tok overhand. Vil datamaskinene takle millenniumskiftet og korleis feire ei slik nyttårsaftan? Og kva med u-båten på Fedje, skal den hevast eller senkast?

I «Heim» inviterer vi til å minnast dei gode og dei vonde dagane i lag. Vi skal gjenoppleve musikken som var lydsporet til desse dagane med «Voksne herrers orkester». Bli med oss til gledelege gjensyn og treffande ettertanke. Bli med oss HEIM.

Forfattarar: Irene Kinunda Afriyie, Pedro Carmona-Alvarez, Marie Amdam, Marit Eikemo, Frode Grytten, Ruth Lillegraven, Olaug Nilssen, Erlend Nødtvedt, Finn Tokvam og Selma Lønning Aarø.

HEIM 4 er med: Reidun Melvær Berge, Katrine Dale, Paal Herman Ims, Sigrid Moldestad, Sigurd Sele og Claus Sellevoll
VOKSNE HERRERS ORKESTER: Harald Dahlstrøm, Ole Marius Sandberg, Thomas Dahl og Steinar Krokstad
Regi: Solrun Toft Iversen Scenografi og kostymedesign: Lise Christensen
Lysdesign: Silje Grimstad Koreograf: Piero Issa

www.detvestnorsketeateret.no
publikum@detvestnorsketeateret.no
Tlf.: 55 22 20 20

Foto/ill.: detvestnorsketeateret.no