Valenseminaret 2022 – Helsetenesta i nytt lys

Valen sjukehus inviterer til nasjonalt seminar fredag 9. september 2022, Rosendal Fjordhotell.

Etter at professor Ole Didrik Lærum innleier om betydinga av døgnrytmar hos mennesket, vil fleire spennande foredragshaldarar frå Norge, Danmark og USA forelese om:

  • Banebrytande utvikling av lys-terapeutiske pasientrom.
  • Innovativ bruk av radar-teknologi og kronoterapeutiske prinsipp for behandling av søvnforstyrringar.
  • Lysterapi i sjukeheim hos eldre med demens.
  • Mørketerapi og lysterapi som integrert del av psykiatrisk akuttbehandling.
  • Kronoterapi ved bipolar liding, internasjonale anbefalingar.

Lenke til påmelding og program: www.helse-fonna.no/valenseminaret-2022

Praktiske opplysningar:

Det blir tilbod om skyss til Sunde kai etter seminaret for dei som har behov for det.

Pris: Kr. 2 200,-

eller Kr. 1 050,- for Helse Fonna tilsette – dagpakke blir dekka av arbeidsgjevar

Vel møtt!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

*