Velferd: Teatertilbud om Amadeus

Illustrasjon av han Amadeus, med rosa høreklogger.

Foto/ill.: Det Vestnorske Teateret

Tilsette ved UiB kan kjøpe billettar til prøveframsyning på AMADEUS onsdag 6. september kl. 19.00 oggeneralprøve torsdag 7. september kl. 19.00 på Hovudscenen, Det Vestnorske Teateret. Billettpris kr. 200.

Du kan kjøpe billettar her:

Onsdag 6. september
Torsdag 7. september

Du kan også sende e-post til publikum@detvestnorsketeateret.no (merk med UiB).

Velkommen til eit storslått drama og til ei teaterframsyning som famnar fleire av dei verkeleg store, evige tema; som sjalusi og kjærleik, hemn og anger, tru og tvil.

Teaterstykke Amadeus tek utgangspunkt i eit rykte som har vore levande sidan tidleg på
1800-talet: At Mozart vart myrda av komponisten Salieri (!)

I Peter Shaffers fantastiske manus møter vi Salieri dagen han skal døy. Samvitet og angeren riv i han: Han drepte Mozart! Den djupt religiøse Salieri kan ikkje forstå kva Gud ville då han lot han møte den geniale, men samstundes riv hakkande gale, plumpe og barnlege Mozart.
For kvifor har Gud gitt Mozart gåva å lage gudommeleg musikk, og ikkje han?

Når Det Vestnorske Teateret no bringer den klassiske musikken tilbake til vår unike
hovudscene, kan du vente deg flotte kostyme og stor skodespelarkunst frå eit kruttsterkt
ensemble, med Torbjørn Eriksen i rolla som Amadeus og Svein Harry Schöttker-Hauge som
Salieri.

Av Peter Shaffer. Omsett av Mari Hesjedal. Regi: Hans Henriksen. Scenografi og lysdesign: Edward
Lloyd Pierce. Kostymedesign: Camilla Bjørnvad. Lyddesign/musikar: Klaus Risager. Koreografi: Jonas
Digerud

Med: Torbjørn Eriksen, Svein Harry Schöttker-Hauge, Reidun Melvær Berge, Lina Taule Fjørtoft,
Sigmund Njøs Hovind og Kasper Skovli Botnen