Økonomisk støtteordning for elektive emner

Fakultetet har oppretta ei støtteordning for emne i elektiv periode som har undervisningsopplegg som krev ressursar utover vanlig aktivitet. Eksemplar kan være studietur, leige av spesielt utstyr, kostnader knytt til opphald, innleidde instruktørar eller kjøp av inngangsbillettar. Eksempla er ikkje uttømmande.

Illustrasjon av en medisinstudent som gjør en spørrende gest.

Illustrasjon: ØBB / Dall-E

Støtteordninga for elektive emne disponerer 100 000 kroner årleg. Ein kan søke om opptil 2000 kroner per student per emne. Søknaden må innehalde eit reelt totalbudsjett, og fakultetet sin støttesum kan utgjere maksimalt 60 prosent av totalbudsjettet, resten må instituttet som arrangerer emnet dekke.

Tverrfagleg samarbeid?

Både masterprogrammet i klinisk ernæring og medisinstudiet har si periode med valemne i januar. Her ser fakultetet ein fordel med å kunne tilby nokre tverrfaglege emne både for medisin og ernæring, fortrinnsvis i dei to fyrste vekene.

Blant ernæringsstudentaten er det eit ønske om å kunne ta fleire av emna som er eit tilbod for medisinstudentar. Fakultetet kontaktar nokre av desse emna direkte, men oppmodar samstundes alle som tilbyr emne for medisinstudentar å vurdere om emnet kan opnast for ernæringsstudentar. Konkret ønsker om tema: seksuell helse og rus og medisin/ernæring.

Frå medisinstudentane er det øsnke om fleire klinisk retta emne for studentar i sitt tredje studieår, og fleire plassar i kliniske og praktiske emne eller at desse emna kan vere eit tilbod i begge periodane. Konkret er det fleire som har ønskt emne med følgande tema: Gynekologi og obstetrikk, pediatri, kirurgi  og akuttmedisin.

Ta gjerne kontakt på elektiv.med@uib.no dersom det er aktuelt å opprette tverrfaglege emne, eller om du treng meir informasjon.