Labfrukost: Universell utforming av digitale verktøy

Tid: 29.03.2023 – 09.0010.00
På nett: Zoom
Kontaktperson: Silje Hole Hommedal
Påmeldingsfrist: 29.03.2023 – 08.45

 

Meld deg på ved å følgja denne lenkja

Dei fleste tenester og program som me bruker dagleg vert stadig meir digitalisert. Dette stiller krav til utforminga av slike løysingar slik at flest mogeleg er i stand til å bruke desse og slik delta aktivt og sjølvstendig i samfunnet. Digital kompetanse og universell utforming er ei forutsetning for digital deltaking. Digital deltaking krev kunnskap og oppfølging av både dei som bruker og dei som tilbyr digitale tenester.

Foto/ill.: Kristoffer Eik / UiB Universell

Universell utforming av innhald på våre sider vil seia at det skal formast ut på ein slik måte at det skal kunna brukast av alle studentar og tilsette. Dette er eit lovpålagt krav. Nytt frå 2023 er eit krav om at alle nettstader skal ha ei tilgjengelegheitserklæring. Du vil sjå at desse dukkar opp ved stadig fleire nettstader framover. Men hovudjobben er å få alle innhaldsprodusentane våre til å laga innhald som er universelt forma ut, i langt større grad enn det er i dag. Då er det behov for kursing og bevisstgjering.

Innleiarar

Frå UiB Universell kjem Ellen Lien og Simon Hestenes Eika med både ei teoretisk og praktisk tilnærming til Universell utforming ved UiB.

  • Generelt: Kva betyr kravet om Universell utforming for både administrativt og vitskapeleg tilsette?
  • Praktisk: Korleis lage universelt utforma Word-dokument, PDF, Powerpoint eller sider i Mitt UiB?
  • André Giæver Kvalvågnes frå produksjon ved UiB Læringslab skal konkret ta for seg teksting av video.

Om påmelding
Når du melder deg på, får du ein e-post med Zoom-lenke til arrangementet. Me anbefaler at du registrerer deg seinast 15 minutt før møtet startar.

Vel møtt!