Europakommisjonen og HK-DIR har lyst ut Erasmus+ Key Action 171.
Utlysinga opnar for søknad om midlar til mobilitetstiltaket Erasmus+ Global Mobilitet (Mobility of higher education students and staff supported by external policy funds) for perioden august 2025 – juli 2028. Akademiske miljø som har eller ynskjer prosjekter med land og regionar utanfor Europa kan søkje om midler, men kvar institusjon sender inn ein felles søknad. Det vil vere positivt om endå fleire fagmiljø deltar i UiB-søknaden med aktuelle prosjekt.
Vi vil særskilt trekke fram følgande i utlysinga:
- Det skal søkast om mobilitetsmidlar til regionar, og ikkje til land. Samstundes skal ein liste opp land og institusjonar ein vil samarbeide med, og vise korleis midlane fordeler seg per partnarinstitusjon.
- Programmet opnar for å søke om mobilitetsmidlar til studentar (studiar eller praksis) på BA, Master eller PhD-nivå eller til tilsette for undervisnings- eller praksisopphald.
- Søknaden har ein fellesdel «Quality of project design and cooperation arrangements» som vil vere felles for alle regionane ein søker om midlar til.
- For kvar region skal det svarast på spørsmåla «Relevance of the Strategy» og Impact and dissemination».
- EU-kommisjonen ber institusjonane også legge til grunn EU sin strategi for inkludering og diversitet i erasmussamarbeidet (vedlegg)
Sjå elles handboka for ordningen, Erasmus+ International Credit Mobility – Handbook for participating organisations og informasjon på HK-Dir sine nettsider.
SA legg opp til følgande prosess i søknaden:
- 10. desember kl 13.00 på Studentsenteret seminarrom C: Generell informasjon om programmet og førebels innmelding av landprosjekt.
- 13. januar kl 13.00: Møterom, Internasjonalt senter. Korleis skrive regionprosjekt.
- 13. januar vil også vere frist for å melde inn prosjekt som skal inngå i UiB sin felles søknad.
- 11. februar: Frist for forankring av landprosjekt på institutt/fakultet.
- 11. februar. Frist for innlevering til SA av regionprosjekt til søknaden.
Søknadsfrist for ordninga er 19. februar 2024.