Velferd: Steg for steg – ein herleg komedie om vennskap

Tilsette ved Universitetet i Bergen kan kjøpe billettar til kun kr. 290
(ord. pris kr. 480) fredag 2.12, måndag 5.12 og tysdag 6.12 kl. 19.00.

Tre damer på tur. Foto: Andreas Roksvåg

Billettane kan du kjøpe her:

2. des: https://detvestnorsketeateret.eventim-billetter.no/webshop/webticket/seatmap?eventId=981
5. des: https://detvestnorsketeateret.eventimbilletter.no/webshop/webticket/shop?event=983
6. des: https://detvestnorsketeateret.eventimbilletter.no/webshop/webticket/shop?event=984

Du kan også sende e-post til publikum@detvestnorsketeateret.no (merk: UiB)

 ”Regissør Frode Gjerløw og ensemblet har laga ei freidig og morosam oppsetjing av dette som frå før er eit feelgood-stykke.” – Bergens Tidene

Det blir lett mykje humor når tre festlege og litt frynsete damer med lavt blodsukker skal komme seg opp på eit høgt fjell. Her møter vi den single SILJE (Reny Gaassand Folgerø) som held kjenslene inne mens ho traskar avgarde med det nyaste fjellutstyret, den kommande bruda MONIKA (Linn Løvvik) som har begynt å få kalde føtter, og ikkje minst chablisglade og baktunge BODIL (Christine Hope) som aller helst skulle
sett at det var rulletrapp opp til toppen…

Regi: Frode Gjerløw. Scenografi: Gjermund Andresen.
Med: Christine Hope, Reny Gaassand Folgerø og Linn Løvvik.