Alle tilsette ved Universitetet i Bergen kan få stipend til utveksling til ei institusjon, organisasjon eller universitet i Europa gjennom Erasmus+.
Målet med tilsettmobilitet er at dei tilsette kan få opplæring, ny kunnskap og nye erfaringar gjennom utveksling, i tillegg til å auke det internasjonale samarbeidet mellom UiB og europeiske institusjonar i EU-landa, Island, Lichtenstein, Makedonia, Serbia og Tyrkia. Alle tilsette ved UiB kan søkje om stipend, også teknisk-administrativt tilsette og stipendiatar.
Avtalar
UiB har inga portefølje av avtalar for tilsettutveksling, og den tilsette må sjølv organisere eit utvekslingsopphald og eit opplegg i ein bedrift, organisasjon eller universitet. Det trengs inga Erasmusavtale for å reise på tilsettutveksling, men alle utdanningsinstitusjonar som er involverte i denne aktiviteten, må ha eit Erasmus University Charter.
Formelle krav
Opphaldet må vare i minimum to dagar utanom reise, og maksimum to månader. Det vanlege er 3-5 dagar, og normalt vil ein ikkje få erasmusstøtte for meir enn ei arbeidsveke (5 dagar). Den tilsette må skrive ein søknad som må godkjennas av næraste leiar, og som må sendast frå instituttet/fakultetet/eininga i ePhorte til Studieadministrativ avdeling. Søknaden kan gjerne vere Mobility Agreement (sjå lenger ned på sida), fylt ut og signert av både den tilsette, sender- og mottakarinstitusjon. Det er et krav at Mobility Agreement med hovudmål og venta resultat av opphaldet, samt et program for mobilitetsperioden, ligg føre før ansattutvekslinga startar.
Dersom det vert konkurranse om plassane for erasmus tilsettmobilitet, vil tilsette som ikkje tidlegare har vore på tilsettutveksling, eller institutt/fakultet/einingar som ikkje tidlegare har sendt tilsette på tilsettutveksling, verte prioriterte.
Det er to søknadsfristar i året ved Universitetet i Bergen:
15. september og 20. januar.
Ta kontakt med administrasjonen pdersom du ønskjer å reise på Erasmus tilsettopphald. Søknaden må kome frå leiar ved instituttet og blir å sende til Erasmus institusjonskoordinator, Studieadministrativ avdeling i ePhorte. Utgifter utover Erasmusstipendet må dekkjast av institutt/fakultet. Du kan lese mer her: https://www.uib.no/foransatte/92416/erasmus-tilsettmobilitet