Språkleg balansegang – norsk og engelsk i akademia
Språkrådet inviterer deg til frukostseminar om språkval i akademia, med lansering av «Vegvisar for språkval i universitets- og høgskulesektoren». Frukostseminaret blir arrangert på Litteraturhuset i Bergen fredag 6. april.
På frukostseminaret ønskjer Språkrådet å vise kva for språkval som blir gjorde ved universiteta og høgskulane, og korleis institusjonane balanserer mellom internasjonalisering og behova til det norske samfunnet. Kva for språklege utfordringar står universitet og høgskular overfor, og korleis kan desse utfordringane møtast?
Fleire spørsmål blir òg drøfta på seminaret:
- Har utdanningsinstitusjonane funne oppskrifta på ein språkleg balansegang mellom norsk og engelsk?
- Ligg norsk fagspråk på sotteseng, og er engelsk i ferd med å ta over på universitet og høgskular?
- Blir studentane flinke nok i norsk fagspråk til å kommunisere klårt og presist i eit norskspråkleg arbeidsliv og til å delta i den norske ålmenta når dei er ferdige med studia?
- Korleis kan universiteta og høgskulane lære av kvarandre og samarbeide for å sikre gode språkval?
Rektor Øystein Thøgersen ved Noregs handelshøgskule og prorektor Margareth Hagen ved Universitetet i Bergen kjem med innlegg om språkpolitikk og språklege utfordringar ved sine institusjonar. Direktør Åse Wetås i Språkrådet innleier om kva norsk fagspråk betyr for norsk samfunnsliv.
I tillegg lanserer seniorrådgjevar Marita Kristiansen Språkrådets «Vegvisar for språkval i universitets- og høgskulesektoren». Vegvisaren inneheld praktiske råd til institusjonane om korleis ein kan balansere bruken av engelsk og norsk i akademia.
Frukostseminaret blir avrunda med eit ordskifte mellom innleggshaldarane.
Stad: litteraturhuset i Bergen, Olav H. Hauge
Tid: fredag 6. april kl. 9.00–10.30
Det blir servert kaffi, te og rundstykke frå kl. 08.30
Klikk på lenkja og meld deg på innan 3. april.