Velferdstilbud: Politi fra Det Vestnorske Teateret

POLITI! Ein trilogi om politiet i Bergen. Del 1: 1970 – 1990 på Hovudscenen, Det Vestnorske Teateret. Tilsette ved UiB kan kjøpe teaterbillettar til kr. 250 (ord.pris kr. 440) Laurdag 3. februar og tysdag 6. februar kl. 19.00

Billettane kan du kjøpe her:

Du kan også sende e-post: publikum@detvestnorsketeateret.no (merk UiB)

Alarmen går!

Set deg heilt roleg inn i politibilen – og gjer deg klar for ein «True Crime»-komedie om byen vi alle elskar; Bergen! Politiet i Bergen er omstridd: Skuldingar om politivald, dårleg etterforska drap og kidnappingar, Interne varslarar – og den eine mediastormen etter den andre. Kva er greia med politiet i Bergen?

I denne første delen av trilogien om politiet i Bergen skal vi tilbake til sytti- og åttitalet – og politivaldsaka. Ho hadde si spede byrjing tilbake i 1971, og i 1981 kom juristen Edvard Vogt og jusstudenten Gunnar Nordhus ut med ein omfattande rapport, som hevda at det var omkring 360 tilfelle av politivald i Bergen, årleg!

  • Manus og regi: Aslak Moe. Scenografi og kostymedesign: Mari Hesjedal
  • Lyddesign: Kato Ådland. Lysdesign: Jon Eirik Sira
  • Manus og regi: Aslak Moe. Scenografi og kostymedesign: Mari Hesjedal
  • Lyddesign: Kato Ådland. Lysdesign: Jon Eirik Sira
  • Med: Reidun Melvær Berge, Kasper Skovli Botnen og Sigmund Njøs Hovind
Foto/ill.: Det Vestnorske Teateret