Forskningsrådets indikatorrapport 2024: Forsking og innovasjon i ei uroleg verd

Auka vekt på internasjonalisering dei siste tiåra har hatt mange positive effektar for det norske forskingssystemet. Men no er verda i endring. Den geopolitiske situasjonen utfordrar rammevilkåra for forskingsinstitusjonane.

Ansvarleg internasjonalt kunnskapssamarbeid har komme på dagsordenen, og forskingsmiljøa må orientera seg på nytt når det gjeld samarbeidsrelasjonar, rekruttering, personvern og tryggleik.

Kva seier Indikatorrapporten om internasjonalisering i år?  

Tid

11. nov. kl. 08.45–11.00, hybrid arrangement

Meld deg på her: Indikatorrapporten 2024: Forsking og innovasjon i ei uroleg verd – moglegheiter og utfordringar (forskningsradet.no)