For dei ti porteføljestyra som vart utnemnde ved starten av 2024 går no føre seg arbeid med nye porteføljeplanar.
Vi inviterer til å gi innspel på utkast til porteføljeplan for Banebrytande forsking. Møtet er for representantar frå forskingsinstitusjonane i institutt- og UH-sektor.
- 4. november kl. 11.30–12.30, Digitalt
Porteføljeplanane er styringsdokument som skal bidra til føreseielegheit for både søkjarar og finansierande departement. Dei er korte og overordna, og blir konkretiserte i ein investeringsplan som blir oppdatert årleg.
I møtet vil mål, prioriteringar og tiltak i utkastet til porteføljeplan bli gjennomgått.
Les meir her: Innspelsmøte om porteføljeplan for banebrytande forsking.