Dekankaffi 2:  – Arealeffektivisering: Kva får det å seie på fakultetet vårt?

Dette skjer på Zoom førstkommende tirsdag 4. mars. Se mer info under.


DEKANKAFFI 2 – Arealeffektivisering: Kva får det å seie på fakultetet vårt?

Det er klart for ny dekankaffi, og denne gongen er det arealeffektiviseringsprosjektet vi skal snakke om. På grunn av den økonomiske situasjonen ved UiB har leiinga ved universitetet vedteke at det skal vere eit mål om minst 10% arealeffektivisering i løpet av dei neste åra.

Kva vil dette bety for vårt fakultet og våre tilsette? Korleis skal vi gå fram? Dekan Per Bakke får med seg leiar av arbeidsgruppa for arealprosjektet, leiar ved institutt for Biomedisin, Frode Berven. 

Dersom du har spørsmål om temaet, send gjerne inn på førhand via denne linken: https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=18615331.

TID: Tirsdag 4. mars kl 0830 – 0850

Følg denne linken for å komme til morgonkaffien: https://uib.zoom.us/j/66254116718?pwd=TbyHl3auqdpeIE9ahvDng7CkFUna4y.1.
 

Vi ser fram til en informativ morgenprat om areal ved MED!

Ill.: Colourbox