Innspelsmøte del 2 i vegkartet for forskingsinfrastruktur – Helse

4. jun. kl. 14.00–15.00

Før vi lyser ut nye midlar under Nasjonal satsing på forskingsinfrastruktur, oppdaterer vi vegkartet som fungerer som ein rettleiar for dei som søkjer. Den neste utlysinga er planlagt til november 2025.

Vi inviterer til innspelsmøte for temaområdet om helse i del 2 i vegkartet. Vi ønskjer tilbakemeldingar på om vi har skildra behovet for forskingsinfrastruktur innan dette feltet tydeleg, eller om det finst viktige manglar som vi ikkje har fanga opp.

Møtet startar med ein kort introduksjon. Etterpå får deltakarane høve til å kome med korte, munnlege innspel (3-5 min) om vegkartet.

https://www.forskningsradet.no/arrangementer/2025/innspelsmote-vegkartet-forskingsinfrastruktur-helse

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *