Kurs: Brukarmedverknad i medisinsk og helsefagleg forskning

Vi har gleden av å invitere til ein ny runde med det populære og viktige kurset Brukarmedverknad i medisinsk og helsefagleg forsking, som i 2025 går 7.-9. mai, med påmeldingsfrist 1. februar i Studentweb.

Dette kurset foregår hovudsakleg på norsk med enkelte innlegg på engelsk. Kurset er eit samarbeid mellom CCBIO, Neuro-SysMed, REMEDY, NorHEAD, MATRIX, NorCRIN og FORMI, og støtta av stiftelsen Dam gjennom Nasjonalforeningen for folkehelsen.

Lær om:

  • bakgrunnen for innføring av brukarmedverknad i forsking
  • forskaren sitt ansvar for at brukarmedverknad vert integrert i heile prosessen i eit klinisk forskingsprosjekt
  • korleis brukarmedverknad er dokumentert til å påverke forskinga
  • å vurdere meirverdi av brukarmedverknad
  • å igangsette konstruktiv brukarmedverknad i eigne prosjekt
  • brukarorganisasjonar og lokale brukarutval si rolle
  • å formidle eiga forsking til brukarar på ein lettfatteleg måte
  • metodar for å involvere pasientrepresentantar

Påmelding: Studentar melder seg opp i StudentWeb innan 1. februar 2025. Andre ph.d.-studentar frå andre nordiske universitet er også velkomne – med registrering via Søknadsweb. Fristen er 1. februar 2025 også her.

ECTS: Kurset gjev 2 ECTS for PhD-kandidatar og andre studentar under kurskode CCBIONEUR910, frist 1. februar i StudentWeb.

Åpent for andre: Kurset har ein visst antal plassar, og deltaking for ikkje-studentar er først og fremst for brukarrepresentantar frå pasientorganisasjonar. Registrering for desse er tilgjengeleg via denne registreringslenka. Fristen er 1. februar 2025 også her. I fall svært stor interesse, vil vi måtte vurdere samansetninga av studentar og brukarrepresentantar etter fristen. Merk difor at vi kan ikke garantere at du har fått plass før vi har gått gjennom listene og stadfesta plassen for deg.

Stad: er EITRI, Haukeland Universitetssjukehus, Bergen. Kun personleg oppmøte.

Ansvarlege: Nina Jebsen (CCBIO), Kjell-Morten Myhr (Neuro-SysMed) og Tone Skår (Neuro-SysMed og VIS) har emneansvar for kurset. Undervisingsspråket er hovudsakleg norsk.

Koordinatorar: er stipendiat Tessa Lohr Tessa.Lohr@uib.no frå CCBIO, og Anne Therese Kjellevold Hatle Anne.Hatle@uib.no og Synne Geithus synne.geithus@uib.no frå Neuro-SysMed.

Meir infoPå denne sida (les gjerne også denne artikkelen)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *