Velferdstilbud: I svarte skogen inne av Jon Fosse

Verdspremiere på Det Vestnorske Teateret:
I SVARTE SKOGEN INNE av Jon Fosse

Svart-hvitt tegning av to skikkelser og en bil med lysende lykter i en skog.

Foto/ill.: Det Vestnorske Teateret

Tilsette ved UiB kan kjøpe billettar til generalprøve onsdag 10. mai
kl. 19.00 på Hovudscenen. Billettpris kr. 200.

Billettar kan du kjøpe her:
https://detvestnorsketeateret.eventim-billetter.no/webshop/webticket/shop?event=1142&kassierer=webprove

Du kan også sende e-post til publikum@detvestnorsketeateret.no (ref UiB)

Ein ung mann set seg i bilen og køyrer avgarde, så langt han kjem, innover ein traktorveg, forbi nedlagte gardsbruk og mørklagde hytter – til han køyrer seg fast med bilen. Så får den unge mannen det for seg at han kan gå inn i den mørke skogen for å finna hjelp. «I svarte skogen inne» er eit spenningsdrama om einsemd, lengsel, avmakt og skam. Det er ei mektig forteljing om å gå seg vill, i skogen, som i livet. For som den unge mannen seier: «Eg finn aldri fram til noko. Ikkje til bilar, ikkje til folk».

«I svarte skogen inne» blir sett opp av Miriam Prestøy Lie, saman med scenograf Dagny Drage Kleiva og lysdesignar Arne Kambestad. Komponist Sjur Miljeteig framfører sjølv musikken frå scenen.

Med: Karl Vidar Lende, Reidun Melvær Berge, Arnhild Litlere, Svein Roger Karlsen og Sjur Miljeteig (musikar)

Produsert av Det Vestnorske Teateret og Det Norske Teatret i samarbeid med Festspillene i Bergen.