
Digitalt: Arrangementet strømmes
8. apr. kl. 13.00–14.30
Fagevaluering av medisin og helsefag har funne stad sidan 2023. Og den nasjonale rapporten blir publisert 8. april 2025.
Målet med evalueringa er å vurdere kvaliteten på forsking innan medisin og helsefag i Noreg. Vi ser også på rammevilkåra for forskinga og kor relevant den er for viktige samfunnsområde. Evalueringa kjem med tilrådingar til institusjonane, Forskingsrådet og departementa.
Dette er den andre evalueringa innan livsvitskap. Fagevaluering av biovitskap (EVALBIOVIT) vart lansert i mars 2024.
Totalt har 68 administrative einingar og 317 forskargrupper vorte evaluerte av tre sektorspesifikke evalueringskomitear og 18 internasjonale ekspertpanel. Leiarane for dei åtte evalueringskomiteane har laga ein nasjonal rapport om medisin og helsefagleg forsking som blir presentert på lanseringsseminaret.
https://www.forskningsradet.no/arrangementer/2025/lansering-rapport-evalmedhelse