Nils Erik Gilhus fikk Helse Vest sin forskningspris for 2017

 

Forskingsprisvinnar Nils Erik Gilhus

 

 

 

 

 

 

 

Professor Nils Erik Gilhus fekk forskingsprisen til Helse Vest for sitt arbeid med sjeldan muskelsjukdom.
– Det er stor stas med ei slik anerkjenning. Det er flott at Helse Vest synest at det eg har gjort, er av høg kvalitet og er svært takksam, glad og fornøgd, sa Nils Erik Gilhus då han fekk forskingsprisen til Helse Vest for 2017.

Gilhus får prisen for si forsking på myasthenia gravis, ein sjukdom som gir muskelsvakheit for pasienten. Kring 800 personar i Noreg har sjukdommen. Dei som er ramma, har gode livsutsikter og klarer seg bra, blant anna takk vere god og riktig behandling.

Gilhus er leiar for to forskingsgrupper – Bergen Myasthenia Gravis Research Group og Bergen Epilepsy Research Group. Juryen seier at han har bidrege sterkt til at det er retningslinjer som har internasjonal aksept for diagnostikk og behandling av denne sjukdommen.

At Nils Erik Gilhus er den leiande forskaren på dette området, kom også godt til syne då han som einaste forfattar blei invitert til å skrive ein oversiktsartikkel om diagnostikk og behandling av sjukdommen i New England Journal of Medicine.

Saken er omtalt på Helse Vest sine nettsider og i bt.no.

Vi gratulerer!