Elektiv periode i medisinstudiet og master i klinisk ernæring våren 2023 og økonomisk støtteordning

Fakultetet vil be institutta og fagmiljøa om å vurdere nye emne som kan inngå i elektiv periode for medisinstudiet eller master i klinisk ernæring frå og med vårsemesteret 2023. Informasjon om oppretting av emner ligg på nettsidene: https://www.uib.no/med/150594/oppretting-av-nye-emner-i-elektiv-periode

Det kan vere aktuelt å justere emnetilbodet frå år til år, og det er mogleg å tilby eit emne for eksempel annakvart år dersom det ikkje er ynskjeleg å tilby emnet kvart år.

Nye emne for våren 2023 bør vere på plass innan fristane satt av EpN (sjå fristar i lenka over), dersom det ikkje går må det vere på plass mot slutten av vårsemesteret 2022 (ta kontakt tidleg dersom det er aktuelt å opprette eit nytt emne, sjå kontaktinformasjon under).

For medisinstudentar er det spesielt ynskje om praktiske/kliniske emner for studentar på tredje studieår.

Tverrfagleg samarbeid
Både masterprogrammet i klinisk ernæring og medisinstudiet har si periode med valemne i januar. Her ser vi ein fordel med å kunne tilby nokre tverrfaglege emne både for medisin og ernæring.

Ernæringsstudentane som har valfag i januar, er i sitt 8. semester/fjerde studieår (første år master), og dei har da hatt det meste av klinisk undervisning i studiet. Medisinstudentane er i 3. til 6. studieår. Ta gjerne kontakt med oss på elektiv.med@uib.no dersom det er aktuelt å opprette tverrfaglege emne.

Økonomisk støtteordning for kostnadar knytt til emne i elektiv periode
Fakultetet har oppretta ei støtteordning for emne i elektiv periode som har undervisningsopplegg som krev ressursar utover vanlig aktivitet. Eksemplar kan være studietur, leige av spesielt utstyr, kostnader knytt til opphald, innleidde instruktørar eller kjøp av inngangsbillettar. Eksempla er ikkje uttømmande.

Støtteordninga for elektive emne disponerer 100.000 kroner årleg og gjeld frå og med januar 2019. Ein kan søke om opptil 2000 kroner per student per emne. Søknaden må innehalde eit reelt totalbudsjett, og fakultetet sin støttesum kan utgjere maksimalt 60 prosent av totalbudsjettet, resten må instituttet som arrangerer emnet dekke.

Søknadsfrist for emne som går i januar 2023 er satt til 1. september 2022. Det er instituttet som er søker. Søknadane vert handsama av fakultetet.

Har du spørsmål?
For meir informasjon eller spørsmål knytt til elektiv periode i masterprogrammet for klinisk ernæring: Ta kontakt med Marte Bjerke Roska på elektiv.med@uib.no eller tlf. 55 58 61 46.

For meir informasjon eller spørsmål knytt til elektiv periode i medisinstudiet: Ta kontakt med Dina-Kristin T. Midtflø på elektiv.med@uib.no eller tlf. 55 58 28 51.