Velferdstilbud: «Stengd gitar» av Jon Fosse

Foto/ill.: Det Vestnorske Teateret

Tilsette ved UiB kan kjøpe rabatterte billettar til «Stengd gitar»
laurdag 4. februar kl. 18.00 og tysdag 7. februar kl. 19.00.
Billettpris kr. 250 (ord. pris kr. 440)
Billettar må du bestille på e-post: publikum@detvestnorsketeateret.no. (Merk med UiB).

«Bortover gangen, og føtene er tunge mot golvet. Døra slo igjen og ungen begynner å grine. Eg går med tunge føter bortover mot heisen. Det er morgon. Full berepose. Ungen skrik.»

Slik byrjar Jon Fosse si sterke forteljing om ei ung jente som har låst seg ute frå leiligheita si. I eit rom av suggerande ubehag og ei dirrande spaning møter vi ei tjue år gamal einsleg mor som ein morgon i desember finn seg sjølv på utsida av si eiga låste dør. Bak denne døra ligg spedbarnet hennar innelåst. No gjeld det å finne vaktmeisteren og få trøyste det skrikande barnet. Men føtene er tunge, sinnet er ullent og handlekrafta vanskeleg å mobilisere. Jenta legg i veg på ei ferd for å finne hjelp. Ei ferd som finn mange omvegar og som etter kvart flettar saman notid og fortid i ei reise gjennom hennar skjebne. Ei reise som fjernar henne meir og meir frå barnet som treng henne.

Reidun Melvær Berge skildrar dette utsette mennesket sitt sinn i tett samspel med Øystein
Bech-Eriksen sine gitartonar. Saman skapar dei eit skarpt innblikk i eit plaga menneske si einsemd.

Med: Reidun Melvær Berge og Øystein Bech-Eriksen (musikar).
Regi: Fredrik Longva. Scenografi og kostyme: Olav Myrtvedt. Lysdesign: Silje Grimstad.