Velferdstilbud: Heimatt – musikalske høgdepunkt 1965-2005

Tilsette ved UiB kan kjøpe rabatterte billettar til

HEIMATT – musikalske høgdepunkt 1965 – 2005

Foto/ill.: Det Vestnorske Teateret

måndag 27. februar kl. 18.00 og
tysdag 28. februar kl. 19.00 på Hovudscenen.

Billettpris kr. 320 (ord. pris kr. 520).

For fem år sidan sparka Det Vestnorske Teateret i gong “HEIM” og starta tidsreisa gjennom Vestlandet frå 1965 til 2005. Det vart ein stor suksess og mange fann vegen til teatersalen og delte felles minne gjennom dei fire kapitla. Vi har vore på Frekhaug, Kleppestø, i Tyssedal, på Mongstad og på Stord, berre for å nemne nokre stadar. Vi har høyrt historier om utferdslengt og heimenostalgi. Om røter i heimbygda og om verda der ute som kom nærare og nærare. Vi har minnast forlis og plattformvelt, møtt karakterar som kjempar for si bygd i møte med industrialisering, utbygging og forureining. Vi har og drukke bobler med jappane, kost oss med kjøpesenteropning og snoreklipping for nye vegar og bruer. Og ikkje minst har vi sunge med på songane som fulgte liva våre gjennom desse åra. Velkommen til musikalske høgdepunkt frå krønika vår!

Regi: Solrun Toft Iversen og Hilde Sol Erdal.

Med: Sigrid Moldestad, Claus Sellevoll, Anne Wiig, Jonas Fuglevik Urstad og Voksne Herrers Orkester.

Du kan kjøpe billettar her:

Måndag 27. februar kl. 18.00: https://detvestnorsketeateret.eventim-billetter.no/webshop/webticket/shop?kassierer=webspes&event=1078

Tysdag 28. februar kl. 19.00: https://detvestnorsketeateret.eventim-billetter.no/webshop/webticket/shop?kassierer=webspes&event=1079

Du kan også sende e-post til publikum@detvestnorsketeateret.no (merk med UiB)