Velferdstilbud – E16 Dødsvegen

Ein rasande revy med Chrisine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve 26. april og 2. mai på Det Vestnorske Teateret

Du kan også sende e-post til: publikum@detvestnorsketeateret.no (merk med «UiB»).

Møt E16: Ein veg som snirklar seg frå Bergen til l Voss. Ein veg som tusenvis av bilistar køyrer kvar einaste dag; fleire med hjartet i halsen. For vegen frå Bergen til Voss har fåt det ikkje spesielt hyggelege kallenamnet DØDSVEGEN.


Når Det Vestnorske Teateret går til det merkelege skritet å lage revy om ein veg, så er det fordi dette ikkje er ein vanleg veg. E16 rommar forteljinga som svært mange vestlendingar i meir eller mindre grad har kjent på: Verdiskapinga skjer på Vestlandet – pengane går til Oslo! Kvifor? Er vi mindre verdt? No har ministrane igjen hat kakefest på Arna stasjon og lova milliardar till prosjektet, men: Blir det noko av? Kan vi sleppe jubelen laus? Eller er det nok ein gong berre valflesk? Det er noko av det vi harselerer med i denne revyen.


På scenen møter du Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve. Det blir humor, song og musikk! Høyr songen “E16” (tidlegare kjend som “E6” med DDE), om trailersjåføren som måte køyre åtte timars omveg på grunn av ras, og ikkje rakk fram til KK i tide. Møt byråkratane som kjempar for at nyvegen likevel ikkje skal bli noko av. Og møt vossingen som mister alle venene sine, og held på å bli skilt, fordi ho ikkje er redd for køyre på Dødsvegen!