Velferdstilbud – Vestnorske Teater i Logen

Det Vestnorske Teateret i Logen har gleda av å tilby tilsette ved UiB rabatterte billettar til «Stengd gitar» av Jon Fosse i ein musikalsk versjon iscenesett av Fredrik Longva.

Foto/ill.: Det Vestnorske Teateret

Ordinær pris: Kr. 380. Tilbod til UiB: Kr. 280.
Fredag 8. og måndag 11. oktober kl. 19.00.

Du kan kjøpe billettar her:
Fredag 8. oktober kl. 19.00:  https://detvestnorsketeateret.eventim-billetter.no/webshop/webticket/shop?event=712&kassierer=webgrupe

Måndag 11. oktober kl. 19.00:  https://detvestnorsketeateret.eventim-billetter.no/webshop/webticket/shop?event=714&kassierer=webgrupe

Du kan også sende bestilling på e-post: publikum@detvestnorsketeateret.no (ref. UiB)

»Bortover gangen, og føtene er tunge mot golvet. Døra slo igjen og ungen begynner å grine. Eg går med tunge føter bortover mot heisen. Det er morgon. Full berepose. Ungen skrik.»

Slik byrjar Jon Fosse si sterke forteljing om ei ung jente som har låst seg ute frå leiligheita si. I eit rom av suggerande ubehag og ei dirrande spaning møter vi ei tjue år gamal einsleg mor som ein morgon i desember finn seg sjølv på utsida av si eiga låste dør. Bak denne døra ligg spedbarnet hennas innelåst. No gjeld det å finne vaktmeisteren og få trøyste det skrikande barnet. Men føtene er tunge, sinnet er ullent og handlekrafta vanskeleg å mobilisere. Jenta legg i veg på ei ferd for å finne hjelp. Ei ferd som finn mange omvegar og som etter kvart flettar saman notid og fortid i ei reise gjennom hennar skjebne. Ei reise som fjernar henne meir og meir frå barnet som treng henne.

Reidun Melvær Berge skildrar dette utsette mennesket sitt sinn i tett samspel med Even Kjelby sine gitartonar. Saman skapar dei eit skarpt innblikk i eit plaga menneske si einsemd.

 Med Reidun Melvær Berge (skodespelar) og Even Kjelby (musikar).

Foto/ill.: Det Vestnorske Teateret